Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9Notice: Undefined variable: expire in /home/3/o/omatt/www/system/library/template.php on line 9 Om oss
0 Varer - 0,-

Om kån

Kven me er?

To kremmarar, ei campingvogn med magebelte og ei knakande fin bu – alt stasjonert i fjellbygda Øyfjell! Vil du vite korleis eit tankefrø vart til vår felles bigeskjeft, er det bare å halde fram med å lesa. 


Frå tankespinn til rein, skjær bisniss!

Ein mørk haustkveld 2011 viste det seg at Sydama og Tøydokka hadde gått rundt med ein felles kremmardraum, utan å vite heilt kva dei skulle gjera med han. Nyoppretta venskap med symaskiner og ein idè om ein butikk på hjul, var det som skulle til for å starte det heile. Våren 2012 var me i gang, innlosjerte i Sydama sin residens. Det gjekk imidlertid ikkje lenge før me hadde blitt stolte eigarar av ein Colchester frå ’78 - og etter at me hadde bytt ut campingbord og kjøkenskåp med kvitmåling og underlege klesoppheng, kunne me hekte vogna på hengarfestet og erklære oss stornøgde kremmarar på hjul! Etter to år med ei campingvogn som butikklokale, fekk me eit spørsmål det var lett som ein plett å svare på. Thorhild ville pusse opp den gamle landhandelen i Straumekrysset – og ho ville ha oss med på laget! Me takka ja til kosting og skraping og sparkling og måling og vasking – og til omgjevnadar som for oss ikkje kunne blitt betre. Her er det sjarm i byttevis. Knirkete og skakt. Rett og slett litt på halv åtte! 


Kvifor Om att – litt på halv åtte? 

Det byrja med tanken om å selje eigenproduserte gjenbrukskreasjonar. Dermed var Om att eit nokså naturleg val. Men trass i at profesjonelle, bortelaga produkt har overtatt hyllene i stadig større grad, hevdar me likevel hardnakka at navnet vårt ikkje er misvisande av den grunn. Hyllefyllet vårt er nemleg av så god kvalitet at både plagg og gjenstandar skal kunne brukast om att og om att og om att! Og dette med litt på halv åtte? Jau, sjølv om me kom slik brukbart overeins med symaskinene våre då me starta opp, fylgde dessverre ikkje alltid tolmod og pinleg nøyaktig presisjon med på kjøpet... Slike bagatellar stoppa imidlertid ikkje oss! I staden sverga me i dei fleste tilfelle hardnakka til klypping på måfå og tidvis sløyfing av knappenåler. Snarare enn trongsynt syetikk, satsa me på ein heidundrande sjarmoffensiv - ei innstilling som gjennomsyrar det meste av det me finn på. Dermed framstår i grunnen heile butikken vår noko litt på halv åtte. Litt skakk, litt rar, ikkje heilt etter boka. Akkurat slik me likar det!


Kontakt

Lurar du på eitt eller anna? Om det gjeld bui vår, skal me nok klare å svare deg. Du kan kontakte oss på telefon, facebook eller mail, og me skal svare deg så snart me kan (du vil sannsynlegvis oppleve at Sydama er nokså mykje kjappare på nettopp det enn Tøydokka). 

Ring oss på 46 43 00 41 (Sigrid) eller 40 29 53 81 (Anna) Mail oss på sigrid@omatt.no eller anna@omatt.no

Eller send oss ei melding på facebook! Her leitar du opp Om att – litt på halv åtte, og finn i same slengen både bilete frå bui og oppdateringar på noko av det me har i hyllene våre. 

Vil du besøkje oss, finn du oss i Straumekrysset i Øyfjell, der vegen frå Rauland, Høydalsmo og Nutheim møtes. Besøksadressa vår er Øyfjellvegen 1468, 3890 Vinje.


Vil du sende oss noko i posten, skriv du Om att – litt på halv åtte DA, Kyrkjevegen 28, 3890 Vinje på konvolutten.